Eg er ei 21 år gammal jente som er oppvaksen på Breim i Gloppen kommune, i sogn og Fjordane. Eg studerar ergoterapi på 2.året på høgskulen i Oslo. På fritida mi er eg svært aktiv. Eg konkurrerar i både friidrett, i slegge og diskos, samt vektløfting. Når eg ikkje trenar, er eg saman med vennar.
Då eg var 2 år, merka mamma og pappa at det var noko gale med høyrselen min, sidan eg ikkje reagerte på ulike lydar. Eg var inne på fleire kontrollar, og då eg fylte 4 år, fekk eg mine to første høyreapperat, på begge øyrer. Dei fant aldri ut kvifor eg miste høyrselen. Mest sannsynleg er det arveleg. Sjølv om eg hadde høyreapperat på begge øyrer, fekk eg ikkje med meg alt. Eg høyrde ganske dårleg! Vi fekk kontakt med Vestlandet Kompetansesenter i Bergen og reiste jamnleg på opphald til Hunstad barnehage/skule, 6 veker i året, der vi lærte teikn.
Etterkvart som eg blei eldre, gjekk høyrselen gradvis nedover. Då eg var i 13-14 års alderen, anbefalte legane at eg burde operere inn Cochlea Implantat. Dette høyrtes ganske skummelt ut, og sidan eg hadde høyreapperat og følte eg fungerte bra i både det høyrande miljøet, og i døvemiljøet, synest eg at det var unødvendig. Mamma og pappa ville vente til eg blei litt eldre, og kunne ta avgjerda sjølv. Eit par år seinare, dukka spørsmålet om CI opp igjen. Audiogrammet viste at eg låg på grensa til å bli heilt døv, og legane meinte at eg hadde ingenting å tape på å operere inn CI. Eg gjekk lenge å grubla på kva eg skulle gjere, men etter mykje om og men, bestemte eg meg for å ta operasjonen.
Dermed blei den første implantasjonen gjort, på venstre side. Lyden vart sett på 1mnd etter operasjonen, og det var ganske spesielt. Vi starta tidleg med trening, der mamma satt bak meg og prata, mens eg gjentok alt ho sa. Vi brukte blant anna ordbok, der vi gjekk gjennom kvart einaste ord. Etterkvart klarte eg å skilje ut stemmer, og eg høyrde blant anna vifta på kjøkkenet, fuglar som kvittra og lyden frå vasstråla i vasken! Framgangen fortsette og det føltes ut som at “lydverda” opna seg meir og meir. Etter 4 månadar høyrde eg betre enn nokon gang, og bestemte meg for å ta operasjonen på høgre øyre.
Mine erfaringar med CI er veldig gode. Først etter at eg operterte inn CI, skjønte eg kor lite eg høyrde med høyreapperata. Men sjølv om eg har ein betre høyrsel no enn før CI, betyr ikkje det at eg høyrer alt. Eg er fortsatt tunghøyrt, og brukar blant anna tolk på skulen. Eg meinar at teiknspråk er utruleg viktig dersom ein skal fungere optimalt. Hadde ikkje mamma og pappa bestemt at eg skulle lære teikn, hadde ikkje eg vore den eg er i dag. Det har gjeve meg fleire moglegheiter, og eg kan ferdast i fleire miljø.
Sleggebiletet: NM i friidrett i 2010. Har tilsaman tatt 12 medaljar i senior-NM, i kastøvingane slegge, diskos og kule.
Rykkbiletet: Biletet er tatt under NM i vektløfting i 2011. Her vart det ein sølvmedalje.
Flaggbiletet: Deltok i Deaflympics i Taiwan i 2009. Her vart det gull i slegge og diskos. Ei stor oppleving! Møtte mange andre døve og tunghøyrte, det var nesten som å “kome heim”.

